Spesialist på fotoekspedisjonar i Arktis

MEIR ENN KVITT: Arktis er ikkje berre snø og is, lyset byr på utallige fargesjatteringar. Her ved Kongsfjorden nær Ny-Ålesund på Svalbard i slutten av september.

Naturfotograf Ole Jørgen Liodden (43), oppvaksen i Hedalen, er storarrangør av spesial-turar for fotointeres­serte frå heile verda.


Tekst: Tor Harald Skogheim / Foto: Ole Jørgen Liodden


Ekspedisjonane neste år går til Sval­bard, Alaska og Antarktis, men også Afrika har vore mål for fotoreiser.

Internasjonale fotoprisar
Mange i Valdres kjenner til bøkene, kursa og naturbileta hans, men få er klar over at Liodden har fått fleire sto­re prisar internasjonalt for naturfotoa sine, ikkje minst frå Arktis.

I 2012 vann han «VM i naturfoto», BBC Wildlife Photographer of the Year, med eit isbjørnbilete (sjå over).

Frå hobby til næring
Liodden vaks opp og budde i Hedalen til for få år sidan. Gjekk vidaregåande skule på Fagernes, tok fem års utdan­ning ved universitetet i Ås, i blant an­na ressursforvalting. Jobba så nokre år med blant anna bioenergi.

Frå 2003 vart fotograferinga heil­tidsverksemd, etter å ha vore hobby og litt tilleggsnæring siste sju åra, gjennom selskapet «Naturfokus».

NATURFOTOGRAF: Ole Jørgen Liodden har vunne fleire store, internasjonale fotoprisar. Han arrangerer no fotoekspedisjonar blant anna til Arktis. FOTO: ANNA YATSENKO
NATURFOTOGRAF: Ole Jørgen Liodden har vunne fleire store, internasjonale fotoprisar.
Han arrangerer no fotoekspedisjonar blant anna til Arktis. FOTO: ANNA YATSENKO

Suksess med bøker
Praktboka med foto frå Valdres, som kom ut i 2005, vart selt i 8000 eksem­plar. Han laga ei tilsvarande bok om Hallingdal, ei mindre bildebok frå Svalbard samt to lærebøker i digital fotografering. Boka med foto frå kon­gebesøket i 2010, «Eventyrlige da­ger», vart trykt i 4000 eksemplar, han har att nokre få. Liodden fortel likevel at det utradisjonelle yrkesvalet var ganske tøft økonomisk dei fyrste åra.

Til Arktis, Afrika og Antarktis
I 2006 arrangerte Liodden sin fyrste fototur for andre, til Svalbard. Delta­karane var berre norske, dei fleste var vener og bekjente. Dette spann på seg, med årlege turar til Svalbard, og så turar til Kenya og Rwanda i Afrika.

I 2012 etablerte han difor selska­pet «WildPhoto Travel», med base i Longyearbyen på Svalbard. I 2017 skal dei ha 16 fotoekspedisjonar til Sval­bard, to til Alaska og to til Antarktis.

– På kvar av Svalbardturane har vi 12 plassar. På dei elleve sommartura­ne er det no berre att tre ledige plassar, fortalte Liodden midt i oktober.

Etterspørselen er med andre ord stor, og 95 prosent av deltakarane er frå utlandet. Særs mange frå USA og Asia, men også frå Australia og Dubai.

– Kvalitetsopplevingar
Liodden sjølv har vore over 30 turar på Svalbard dei siste fem åra. Han har etablert eit eige galleri i Long­yearbyen, med sal av bilete, bøker og ekspedisjonsutstyr. Selskapet har no fire tilsette, han trur ikkje det er lurt å utvide drifta.

– Vi ynskjer å gje deltakarane kva­litetsopplevingar. Det skal vera moro, spanande og trygt, då må vi ikkje bli større enn at vi kan ta oss av kvar ein­skild på ein god måte, seier Liodden.

Polar bear (Ursus maritimus) in arctic ice landscape, Spitsbergen, Svalbard *** Local Caption *** Vinnarbildet frå 2012: Isbjørn som virrar rundt på eit lite "kontinent", med mørke skyer i bakgrunnen. Framtida hans er uviss, med store klimaendringar på gang.
Vinnarbildet frå 2012: Isbjørn som virrar rundt på eit lite «kontinent», med mørke skyer i bakgrunnen. Framtida hans er uviss, med store klimaendringar på gang.

Bekymra for isbjørnen
I boka som kom i haust, «Arktis, livet i en verden av is og snø», fortel han på ein enkel måte om miljøutfordringane i nord, for i Arktis er klimaendringane alt særs tydelege. Liodden er difor sterkt uroa over dei endra livsvilkåra for dyr og fuglar, ikkje minst isbjør­nen. Boka har over 100 foto av dyr og fuglar i eit fantastisk landskap, noko som gjer bodskapen ekstra sterk.

Mellom fotoekspedisjonane jobbar han no med ei barnebok om isbjørn!

Leikestund: Fjellrevungar på Svalbard.
Leikestund: Fjellrevungar på Svalbard.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


1 × 5 =