Han som bygde bygda med mål, ord og ånd

Skulemannen: Trygve Bjørgo var rektor på Valdres gymnas... Han blir framfor alt hugsa og omtala som skulemann. Diktinga kom i andre rekkje.

Det var aldri eit ord for mykje. Men få har lagt att så mange ord etter seg som Trygve Bjørgo.


Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat


I år er det hundre år sidan Trygve Bjørgo vart fødd. 9. oktober blir det storstilt markering på Valdres folkemuseum. Bjørgo er vel kjend som kulturbyggjar og rektor ved Valdres gymnas. At han også var ein produktiv og interessant diktar, er i ferd med å gå i gløymeboka.

Redeleg og handlekraftig
Karsten Alnæs er ein av dei som kjende den no avdøde skulemannen og lyrikaren Trygve Bjørgo godt. Han sparar ikkje på lovorda, når han blir bedd å fortelja om den tidlegare sjefen og venen.

– Eg lærde han å kjenne som veldig redeleg. Han gjorde ikkje skilnad på folk og var flink til å gje gode råd, rosar Alnæs, som i dag er ein av landets mest kjende historikarar og mellom anna står bak verket «Historien om Norge».

Alnæs kom til Valdres gymnas i 1964 og vart raskt teke under vengene av rektor Trygve Bjørgo. Han fortel mellom anna om ein tilspissa situasjon, der feil eksamensoppgåver vart sendt frå departementet til Valdres.

Då hadde Bjørgo stått solidarisk med den unge lektoren sin, kasta seg rundt og køyrt til Oslo om natta saman med han for å hente dei rette oppgåvene.

– Dette ordnar vi, sa han, fortel Alnæs audmjukt.

Djupdykk i natur og menneske
Forfattaren Trygve Bjørgo var først og fremst lyrikar. Han gav ut i alt åtte diktsamlingar. Alnæs meiner Bjørgo utvikla seg frå det svært enkle og jordnære til noko som gjekk litt djupare.

– I dei første samlingane vil lesaren møte ei varm, heimekjær og ofte optimistisk tone. Dikta handlar om heimbygda, om naturen heime på garden, om stølen og fjellet, seier han, og fortel at dette utvikla seg litt.

– I dei seinare samlingane er også naturen sterkt til stades, men då meir og meir som eit symbol og uttrykk for noko meir enn det ytre, meiner Alnæs.

Alnæs minner om at Bjørgo også kunne sjå menneskelagnader, og viser til diktet ««Bøddelandlet i berg»:

Slik var ditt andlet,
Nake og hardt.
Slik var di sjel,
Grorlaust og svart.
Å, steingjengne bøddel,
Koss kunne du bli

Tok avstand frå «bygdedyret»
Bjørgo sette utan tvil fokus på idyllen knytt til natur og bygdelivet. Ifølgje Karsten Alnæs var han ikkje glad i den vidgjetne bygdeforfattaren Tor Jonsson. Bjørgo sette ikkje pris på skildringane av «bygdedyret» og den kalde skuldra. Sjølv om Alnæs seier han ser noko av det same hjå Bjørgo.

– Eg ser jo at han oppfattar mykje av det same sjølv. Mellom anna skriv han om kaldfliren. Men han er ikkje så konsekvent, hard og kald som Tor Jonsson, og han ser mange fleire lyse og varme sider av bygdekulturen, oppsummerer Alnæs.

FORMIDLAREN: Historikaren Karsten Alnæs meiner forfattarskapen til Bjørgo kan lesast både på overflata og med ein djupare klangbotn. Alnæs vart kjend med BJørgo på valdres gymnas på 60-talet. FOTO: Aschehoug forlag.
FORMIDLAREN: Historikaren Karsten Alnæs meiner forfattarskapen til Bjørgo kan lesast både på overflata og med ein djupare klangbotn. Alnæs vart kjend med BJørgo på valdres gymnas på 60-talet. FOTO: Aschehoug forlag.

– Aldri eit ord for mykje
Trygve Bjørgo var ein ordkunstnar. Iallfall er det den sida av forfattarskapen nevøen Jørgen Bjørgo ønskjer å trekkje fram.

– Dikta var veldig stramme. Det var aldri eit ord for mykje, seier han og meiner diktaren brukte mykje tid på å finne dei rette orda. Og det kunne gjerne vera gamle dialektord, med rot i norrønt, som ikkje folk kjende att utan nærare forklaring, fortel nevøen, og minner om at Trygve Bjørgo var svært oppteken av å ta vare på dialektane, og ein periode også var leiar i Noregs Mållag.

Kulturbyggjaren
Jørgen Bjørgo minnest tilbake til han sjølv var liten gut og voks opp på garden Nørdre Bjørgo i Aurdal. Onkelen kom heim igjen under krigen, da han eigentleg var student, men måtte rømme hovudstaden.

Trygve Bjørgo hadde sjølv vokse opp på same garden, og dei to hadde stor glede av kvarandre.

– Han tok seg av meg på alle måtar, slår Jørgen Bjørgo fast, og må nok gje onkelen mykje av æra for at sjølv med tida vart lektor med faga historie, fransk og engelsk. Han var også innom Valdres gymnas både som elev og lektor.

– Ein kan vel seia at Fagernes ikkje var berømt for kulturelt liv på den tida, men eg vil nok seia det endra seg ein del med han, konstaterer Bjørgo den yngre, og viser til stor satsing på både song, musikk og litteratur i gymnasmiljøet.

Frå menneske til menneske
Folkemusikarkivar ved Valdres folkemuseum, Elisabeth Kværne, er ikkje i tvil om at ein skal heidre ein slik storleik.

– Å vera skulemann var livsprosjektet, derfor valde han bort mykje av diktinga, meiner ho, men viser samstundes til Bjørgo sin store innsats innan kultur og folkemusikk i Valdres.

Kværne ønskjer å trekkje fram diktet «Til menneske» av Bjørgo. Ho meiner det talar til oss i dagens flyktningsituasjon. Dermed viser Trygve Bjørgo framleis høg aktualitet.

Kvifor kasta du med stein
når du kunne gjeva gåver?
Kvifor gav du turre tistlar
når du kunne gje ein blom?
Kvifor stakk du tidt med spitord
då du burde vore trøystar? –
Når du eingong ser attende,
lyt du felle sjølv din dom

 

Lyrikaren: Trygve Bjørgo ( 1916-1997) gav i alt ut sju diktsamlingar. ..... var to av dei........
Lyrikaren: Trygve Bjørgo ( 1916-1997) gav i alt ut sju diktsamlingar. «Vokster Grunn» og «Auke Åkeren» var to av dei.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


eleven − nine =