Aurdalsfjorden,
 ei perle

På Aurdalsfjorden, med Hestøye bak.

Variert tur i triveleg område

Vi har hatt kajakk i snart 15 år, det har ført til mange fine turar, både i og utanfor Valdres, i sjø og ferskvatn. «Utforskinga» av Aurdalsfjorden er blant høgdepunkta.


Tekst og foto: Tor Harald Skogheim


I fugleperspektiv
Før omtale av turen hoppar vi attende til 1992, då flyplassen ved Leirin berre fem år gamal. Eg var lærar ved Nord-Aurdal ungdomsskule, og skulen fekk tilbod om billeg klassetur med flyet til Oslo. Rektor sa ja, og vi slo til.

Om morgonen 2. september tok vi av frå rullebanen. Utsynet frå lufta var nytt og spanande, og ikkje minst vart vi overraska over kor utruleg langt sørover Aurdalsfjorden strekkjer seg, og kor smalt vatnet stadvis er.

Herleg julidag
Tanken om ei utforsking her på nært hald hadde likevel ikkje heilt festa seg. Det gjekk difor mange år med kanoturar, og seinare med kvar vår kajakk, på diverse andre vatn i Valdres.

Fyrst 11. juli i fjor, ein varm og flott sommardag, gjorde vi alvor av å leggje turen til Aurdalsfjorden. Det skal med ein gong seiast at vi ikkje fekk forska ut den sørre delen, ned mot Aurdalsdammen, som er rett ned for Bagnskleive. Likevel var det ein tur som kan tilrådast på det varmaste.

 

kajakk, padling, Aurdalsfjorden *** Local Caption *** Strandhogg: Odden med sandstrand var ideell for ein stopp og litt beinstrekk.
Strandhogg: Odden med sandstrand var ideell for ein stopp og litt beinstrekk.

«Innaskjærs»
Vi la ut frå den trivelege rasteplassen rett ved Sundvoll bru, og starta nordover, langs austre (nordre) landet. Til å begynne med på blikk stille vatn, etter kvart med litt krusningar, men ingen vind.

Ruta blir lagt på innsida av fleire små øyar, ein stad så grunt at vi må ut av kajakkane og skyve dei over. Vi kjem også forbi gardsbruk og eit par feriestader liggjande fint til heilt nede ved vatnet.

Høge «furustubbar»
På kartet «Fagernes» i den nye Norge-serien blir hovuddelen av vatnet kalla Dokkafjorden. Dette er eit namn vi aldri har høyrt før, så det droppar vi.

Turen held fram opp til nordenden, kalla Øvstevatnet. Her kjem Skamåni brusande ned frå Fløafjorden. Kraftig straum inn frå sida gjer at vi snøgt svingar sørover att langs Vestringsbygd-sida, med utsyn mot fine gardar.

Behovet for å strekkje litt på føtene melder seg, og om litt gjer vi strandhogg på ein odde med fin sandtange. Inne på land ser vi at om lag ti grove furustammer er kappa fleire meter over bakken, snakk om høg stubbing! Undrast kva dette er?

Golfbane
Litt seinare padlar vi rundt Hestøye, som no er ei lang halvøy, etter oppfylling for å lette tilkomsten til dei to hola på golfbanen som er her ute. Vi ser folk rusle rundt på banen, men dei er heldigvis så treffsikre at ingen golfballar susar i lufta i vårt farvatn!

Litt før vi kjem til Sundvoll bru att møter vi ei gruppe på fire, fordelt på tre kajakkar. Utruleg nok dei einaste vi ser eller møter denne flotte dagen, i heile nørre delen av vatnet.

Ved rasteplassen nord for brua gjer vi nytt strandhogg, og tek lunsjen her.

Begna naturreservat
Neste etappe går sørover, under brua og forbi Aurdal Fjordcamping, der rekkjer med vogner med spikartelt ligg idyllisk til ned mot vatnet.

Vatnet er no 100 – 250 meter breitt, og sjølv om skogen står heilt nedtil er landskapet ganske ope.

Rett sør for odden ved Pollevike padlar vi tett forbi ei lita, graskledd øy med høge bjørker. Idyllisk, og sikkert høveleg både som rasteplass og for eventuell teltovernatting.

Av kartet ser vi at vi rett etterpå kjem inn i Begna naturreservat, som vart oppretta i 2005. Vidare sørover smalnar vatnet endå meir av, det er stupbratte berg og tett skog heilt ned til vasskanten. På ein plass er det neppe meir enn 50 meter breitt. To karar ligg og fiskar frå ein liten motorbåt, vi vinkar og helsar til kvarandre.

Smalt: Fjorden smalnar av til vel ti meters breidde, med tydeleg straumdrag, så vi snudde - denne gongen.
Smalt: Fjorden smalnar av til vel ti meters breidde, med tydeleg straumdrag, så vi snudde – denne gongen.

Sterk straum
Sørover blir vatnet litt vidare att eit kort stykke, her ligg ei raudmåla hytte på ein frodig plett nede ved nordbradden. Men rett sør for hytta smalnar vatnet heilt av, og blir nærast til ei 10-15 meter brei og stilleflytande elv.

Vi hadde på førehand lese i turboka «På tur i Valdres», som har eit eige kapittel om padling. Det blir åtvara om at Aurdalsfjorden her har eit par parti med så sterk vassføring at det kan vera utfordrande å kome opp att. Grundig vurdering må til før ein padlar forbi.

Vi glir heilt roleg nedover, og brått kjenner vi at straumen tek tak, sjølv om det er heilt stille i overflata. Hit men ikkje lenger i dag! Det blir litt hektisk før vi får snudd kajakkane opp mot straumen, og kort etterpå går vi i land ved hytta, der det ikkje er folk.

Fire timar i paradis
Det er sol og sikkert over 20 varmegrader, så også turen nordover fjorden att blir også reine kosen, sjølv om vi kjenner i armane at det har vore lite padling hittil denne sommaren.

Etter kvart opnar landskapet seg meir opp att, og siste stykket får vi utsyn mot dei øvre gardane i Aurdal.

Vi var ute i godt og vel fire timar, pausar medrekna. Runden på nørre delen av Aurdalsfjorden tok vel to timar i roleg turtempo, «ekspedisjonen» på sørsida av brua var på om lag 1,5 time. Så får vi sjå om vi seinare vågar oss på utfordringa lenger sør!




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


four + 4 =