Trollrockaren nyt turane med Bobla

Gullbilen: Trond Rogne har opplevd folkevogna som ein svært anvendeleg bil og han, og Bobla frå 1973 er vorte svært duse med kvarandre dei etter fire års samkvem.

Bookingsjefen for Trollrock, Trond Rogne, køyrer Boble, og nyt kvar ein kilometer med bilen.


Tekst og foto: Torbjørn Moen


Bobla, ein 1974-modell 1303 S Big, har vore brukt jamt sidan den vart anskaffa i 2012.
– Eg har nok køyrt 15.000 kilometer med den sidan i 2012. Det har vore 15.000 hyggelege kilometer, seier Trond. Vi møter ein opplagt Rogne rett etter at bilen har vore igjennom EU-kontrollen hjå Bilservice på Fagernes. Einaste feilen var ei sund
parklyspære og tuten som ikkje hadde lyd.

– Ja, det har vore lite trøbbel med bilen. Heilt i starten hadde eg problem med at den fuska og stoppa innimellom. Men etter at eg fekk gode råd om å oppsøkja Jan Fred Solhaug i Ranheimsbygda, har den gått som ei kule. Han gir Solhaug nesten legendestatus; – Ein fantastisk person som veit og kan styggmykji, er kommentaren til Trond. Oljeskift og enklare ettersyn tek Trond seg av sjølv og ofte er faren Knut Oddvar kjekk å ty til.

Trollrock-Bobla skil seg lett ut frå massen. Gullfarga i metallic og dekoren gjer sitt. Også at det er ein rockar som sit bak rattet med høg musikk på.

– Eit godt bilkjøp
Bobla kjøpte Trond på Østfold-kanten i 2011. Seljaren han kom i kontakt med via Finn.no, hadde renovert den og ville selja den ettersom han hadde for mange bilar å ta hand om. Trond fortel at han måtte leggja 22 tusenlappar på bordet for å få tilslaget.

– Det trur eg var eit godt kjøp, ettertida har også slått fast det.

Trond Rogne fortel at han lenge hadde vore på utkikk etter ein ekta festivalbil for Trollrock. Målet var å finne ein bil som fenga, og som kunne vera litt artig å køyre rundt med. Ideen kom eigentleg frå Fjellsportfestivalen i Sogndal, som hadde to gamle bobler.

Nostalgibølga
Ei Boble frå 1970-talet vekkjer gode assosiasjonar hjå folk. Det blir mykje vinking og tuting.

Trond tok eit val når han vart eigar av Bobla; den fine Mercedes stasjonsvogna han hadde kjøpt, vart sett bort til fordel for å køyre Boble. Han skaffa også vinterhjul til den. Påstanden om at folkevognene var kalde på vinteren, kan han bortvise.

– Bilen er lettstarta året rundt og faktisk ein god vinterbil, fortel han. Det heng mellom anna saman med at den har motoren i stjerten.

Fyrste året la han tilbake vel 8000 kilometer. Det har blitt noko mindre etter kvart. No blir den mest brukt i nærmiljøet.

Liten og nett: Ein folkevognmotor er enkel å forhalde seg til på alle måtar. Trond opplever at det er heller sjeldan at det er naudsynt å reparere.
Liten og nett: Ein folkevognmotor er enkel å forhalde seg til på alle måtar. Trond opplever at det er heller sjeldan at det er naudsynt å reparere.

Godt utstyrt bil
Bilen har det meste som Trond set pris på å ha av utstyr. Og den såkalla Big-utgåva av folkevogna som det berre vart laga begrensa opplag av, hadde litt finare utrusting enn dei vanlege boblene. Seta er med høg rygg, dashbordet er litt spesielt og moderne utforma, det er skivebremser framme og ein sprek 1600-motor. Det einaste eg saknar er eit hengarfeste, seier Trond engasjert. Han er i sitt ess no, godt oppmuntra av resultatet frå EU-kontrollen.

– Bilen går godt den, lyden av motoren er søt musikk i øyro, og ikkje minst er den god og triveleg å køyre med. Tanken var nok fyrst å kjøpe ei retteleg gamal Boble, men eg fekk fort råd om å kjøpe ein modell som hadde litt betre hjuloppheng, og som var litt meir moderne ettersom det var aktuelt å køyre ein god del med den. Også Oslo-turar, som det har vorte ein del av, seier han.

Får bilkjensle
– Du får så ekte bilkjensle av å sitja bak rattet på denne bilen, seier ein munter Trond Rogne.

Ettersom han denne sommaren blir far, spør vi om det kan vera aktuelt å setja inn barnestol, men hans tilkomande, Hanne Blåfjelldal, er ikkje spesielt stemt for det. Tryggleiken er så som så i ei gamal Boble kontra ein moderne bil. Dessutan er det ikkje sikkerheitsbelte bak, så derfor …

Driftssikker
Det har som sagt ikkje vore naudsynt med så mykje reparering. Og sjølv om det står 137.000 på speedometeret, brukar den ikkje ein drope olje.

– Då blir det uinteressant kor mykje den har gått, seier Trond. Han er elles svært godt nøgd med dekoren for Trollrock, som øystreslidringen Torgeir Dahle på Gjøvik har laga. Slik den er utforma, er det med på å gje rocke-bobla ekstra preg, understrekar han.

Trond likar å køyre bil, sjølv om langturane kjennest meir i kroppen no enn før. Han har likevel ikkje vore ein storforbrukar av bilmodellar gjennom åra.

38-åringen innrømmer at han faktisk berre har hatt to bilar i tillegg til Bobla. Fyrste bilen var ein Opel Rekord 2,2 L 1986-modell. Den hadde han i 15 år før den vart avløyst av ein stjernebil, MB 220 CDI, stasjonsvogn, ypparleg familiebil.

– Flott bil, veit du, men det er den bilen eg har minst bilkjensle av å bruke, seier han ettertenksamt.

Trond likar å reflektere. Turane bak rattet på Bobla har gjeve han fint høve til det.

– Kvar gong eg set meg bak rattet på folkevogna og det har gått ei stund sidan sist, får eg att den same gode køyregleda. Det er litt kos.

Spesialutgåve: Big-utgaven av Bobla har ein del ekstrautstyr og litt annleis interiør enn dei vanlege folkevognene. Trond Rogne likar seg svært godt bak rattet.
Spesialutgåve: Big-utgaven av Bobla har ein del ekstrautstyr og litt annleis interiør enn dei vanlege folkevognene. Trond Rogne likar seg svært godt bak rattet.

Førebur Trollrock
No om dagen er bookingsjefen i Trollrock mest oppteken av å leggje dei siste detaljane for Trollrock-festivalen på Beitostølen som går 28. – 31. juli.

– No jobbar vi mest med tekniske detaljar og logistikk. Og det er mykje å styre med, seier han. Artistrekkja har som vanleg høg kvalitet. Sjølv ser Trond mykje fram til å få oppleve Sivert Høyem og Unni Wilhelmsen på scena på Beitostølen festivalhelga.

Ein milepæl i livet vil det også vera den dagen han kan få kloa i ein VW transporter, ein slik med dobbelt førarhus og plan. Det hadde vore eit kupp, seier Trond, som fresar opp folkevogna og er av garde … til neste avtale …




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


4 − one =