Er uroa over utviklinga på Vaset

Klagesak: Under synfaringa rett etter påske ved utbyggingsområdet Vasetlia S2, kunne formannskapet, klagarene og utbyggjarane blant anna studere og vurdere listverk-omrisset som illustrerer plassering av ei av dei planlagte dobbelthyttene. Naboane meiner bygga blir for nær og for dominerande, men formannskapet avviste klagen, som no er gått til fylkesmannen. (Foto: Tor Harald Skogheim)

Tekst: Tor Harald Skogheim


VASET:
Avisa skreiv tysdag om planane for utbygging i feltet Vasetlia S2. Dette er no klagesak som etter avvising i formannskapet er sendt til endeleg avgjerd hjå Fylkesmannen i Oppland. Styreleiar Bjørn Mathiesen i hytteforeininga meiner klagesaka i Vasetlia er ein test på i kva grad kommunen og utbyggjarane vil lytte til hyttefolket.

– Store ulemper
Kort forklart: To hyttenaboar til utbygginga samt velforeining og hytteforeining har både i høyring og klagesak peikt på det dei meiner blir store ulemper. Dei hevdar blant anna at kommunen berre tek omsyn til utbyggingsinteressene, og ikkje til hyttenaboane.

Uvisse om framtida
Bjørn Mathiesen er styreleiar i Vestre Slidre hytteforening, som vart etablert i 2013. Både i høyringsuttalen i november i fjor og i klagesaka no i mars har foreininga vore kritiske til prosessen, som ikkje bidreg til godt klima i samspelet mellom ulike partar.

– Vi etterlyser ein tydelegare hyttepolitikk og eit meir heilskapleg syn på korleis Vestre Slidre skal utviklast som hyttekommune. Blant hytteeigarane er det massiv motstand mot ei fjellandsby-utvikling som på Beitostølen. Dei har valt Vaset, Syndin og andre område i Vestre Slidre av heilt andre grunnar, seier Mathiesen.

Han legg til at godt som alle i velforeningane i hytteområda ynskjer ei langt meir moderat utbygging og fortetting.

Uroa: Styreleiar Bjørn Mathiesen i Vestre Slidre hytteforening seier at hytteeigaane på Vaset ynskjer andre kvalitetar enn på Beitostølen. (Foto: Torbjørn Moen)
Uroa: Styreleiar Bjørn Mathiesen i Vestre Slidre hytteforening seier at hytteeigaane på Vaset ynskjer andre kvalitetar enn på Beitostølen. (Foto: Torbjørn Moen)

Ta rimeleg omsyn
Hytteforeininga ser difor handteringa av utbyggingsplanane i Vasetlia som eit tapt høve til å flagge andre haldningar.

– Dette er fyrste gong sidan etableringa av samarbeidet med kommunen at den felles hytteforeininga har høve til å vurdere eit større utbyggingsprosjekt. Når det gjeld denne konkrete saka hadde vi håpa at det vart teke rimeleg omsyn til hyttenaboane. Vi respektere gjeldende planer, men etterlyser større vilje til å gjere små justeringar, seier Mathiesen.

I høyringsutalen i saka i Vasetlia ba foreininga innstendig om at i alle fall mønehøgder blir markant redusert, for å sikre utsynet til Vasetvatnet.

– Viktige for kommunen
Mathiesen viser til god dialog med kommunen i mange saker.

– Det er viktig at ikkje den lojalitet og interesse «gamle» hytteeigarar har til området blir svekka. Hytteeigarane får høyre at vi er viktige for kommunen, for vi legg att betydelege verdiar i bygda. Det må ikkje oppfattast slik at vi berre krev. Vi vil bidra, men det er viktig med god dialog og at vi opplever å bli lytta til og til ein viss grad teke omsyn til, seier Mathiesen.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


six − 3 =